Vest TelemarkGravferdsbyrå
Gravminne i lys, polert stein på ei roleg gravplass med grønt gras

Gravminne

Gravminne

Ein varig stad for minne og ettertanke.

Minnast sine kjære i stein

Vi formidlar nye gravminne i ulike steintypar, former og uttrykk. Eit gravminne står i mange år, og difor tek vi oss tid til å gå gjennom alternativa saman med familien.

Vi hjelper dykk med utforming, skrift, symbol og personlege detaljar, slik at gravminnet vert slik de ønskjer det.

Dette kan vi hjelpe med

  • Nye gravminne

    Formidling og rettleiing ved val av stein, form og uttrykk.

  • Montering

    Montering av gravstein, bedplater og bedrammer i samsvar med gjeldande krav.

  • Påskrift og gjenbruk

    Tilføying av namn, datoar og tekst, samt omsliping og tilpassing ved gjenbruk av stein.

  • Vask og oppfrisking

    Skånsam vask, reins, oppmåling av tekst, vedlikehald og oppretting ved behov.

Samarbeidspartnar

Vi samarbeider med Eide Stein AS. Der kan de sjå moglegheiter og utval i gravminne. Ønskjer de heller rettleiing, tek de kontakt med oss – vi hjelper dykk gjennom valet.

Sjå utvalet hos Eide Stein(opnar i ny fane)

Ein felles stad der alle kan samlast

På minnesidene kan familie og vener lese dødsannonsen, dele minne, gi ei minnegåve eller bestille blomar.

Vi er her når de treng oss

De kan kontakte oss heile døgnet, alle dagar i året.

Ring døgnvakt – 928 13 634